Vår pålitelege og fokuserte logistikksjef sidan 2014. Reidar har alltid stålkontroll på vareflyten og alt anna som dukkar opp i løpet av ein arbeidsdag og det er ikkje utan grunn at han har fått kallenavnet Smooth OpeReidar. Det er mange lause trådar å halde styr på og utfordringar som dukkar opp i vareflyten i eit bryggeri, noko Reidar alltid tek på strak arm. Han har lang erfaring i diverse bransjar og er ein viktig del av Ægirs kundeservice.

Favorittuttrykk: «Når smaker Ægir IPA best? Alltid.»