Eit mangfald av smaksopplevingar

Ægir Bryggeri tilbyr kvalitetsøl for ein kvar smak!

Vi lagar eigne versjonar av kjende og kjære ølsortar og har ein lidenskap for å utvikle nye og spennande smakar.

I sortimentet vårt finn du eit mangfald av øl som både er gode forfriskingar i seg sjølve og som bidreg til å gjere gode måltid enno eit hakk betre. Skal du ha søt mat eller salt mat, sjømat eller spekemat, grillmat eller gåselever, kake eller knekk – med øl frå Ægir har du følgje til det meste.

Vi har lyse og lette tørsteslukkarar for varme sommardagar, mørke og fruktige øl som passar best framfor peisen ein kald vinterkveld – og handverksøl av beste merke til dei fleste andre anledningar. Ølet vårt er tilgjengeleg på sals- og skjenkestader over heile landet og i utlandet.

Ølutval

  • Øltype

  • Mat

  • Sesong

  • Aud Just Right IPA

    Eit brygg vi trur Gullhår vil like. Perfekt balansert, fruktig og friskt, leskande og lett. Avrundinga er tiltalande tørr; ettersmaken elegant.

    Sterk krydra mat, asiatisk mat, kjøttrettar
    %6,0
  • Breck I Barrel-Aged Stout

    Ein solid stout brygga for lagring på Bourbon fat fra Breckenridge. Tonar av vanilje, eik, sjokolade og kaffe karakteriserar dette silkemjuke brygget.

    Sjokolade desserter, eller creme bruleé
    %8
  • Breck II Barrel-Aged Barleywine

    Me har lagra vår Barleywine på Breckenridge fat frå Colorado. Resultatet er eit brygg med tonar av vanilje, eik, lønnesirup og tørka frukt.

    Kraftig blåost, parmesanost eller ulike dessertar.
    %13,2
  • Bryggve Blonde Ale

    Eit øl tileigna Bryggve - fruktbarheitsguden for korn i norrøn mytologi. Eit friskt og fruktig brygg med fine malttonar og ein aroma av sitrus og solmoge korn.

    Pizza, sjømat, salatar, oster og lyst kjøt
    %6,0
  • Bæver Double White IPA

    Dette brygget har fyldig kropp krydra med koriander, appelsinskal og persisk lime – og ein kraftig hale av sitrusaktige tonar.

    God åleine, enno betre saman med lyst kjøt eller godt krydra mat.
    %8,0
  • Bøyla Blonde Ale

    Eit gyllent, lettdrikkeleg øl med fruktige tonar. Bøyla Blonde Ale har ein mild og snill aroma med innslag av ferskt brød og sitrus frå amerikansk smakshumle.

    Godt eigna selskap for sjømat, pizza og ost.
    %4,7
  • Dag Sitrus Pale Ale

    Ein soloppgang av eit øl der appelsinskal og spennande amerikanske humlesortar gjev ein frisk og fruktig aroma med mildt sitruspreg.

    Passar godt til kylling, ost, salat, skaldyr og moderat krydra wokrettar.
    %4,0
  • Eldir Julebrygg

    Ein julebokk som har fått namnet etter tenaren som passa elden. Ølet er mørkt, maltprega og akkurat passe sterkt.

    Passar godt til tradisjonell julemat og kraftige ostar. Prøv også til moltekrem!
    %7,0
  • Fimafeng Julebrygg

    Ølet er ein lys og kraftig Belgisk Tripel, lagra i eiketønner over fleire månader før tapping.

    Julemat, kraftige oster, moltekrem
    %9,0
  • For Så Wit Sitrus Kristallwit

    Ein klar og spennande versjon av den vanlegvis tåkete belgiske Witbier. Innslag av kveitemalt , korianderfrø og ikkje minst sitrusskal frå appelsin, sitron og lime gjev eit smaksrikt og fruktig brygg med særpreg.

    Ein perfekt partnar for salatar, blåskjel, lyst kjøt og fisk. Prøv det óg til ost i staden for tørr kvitvin.
    %4,7
  • Gere & Freke Imperial Coffee Stout

    Me har hatt besøk av vår ven Menno fra Brouwerij De Molen. Naturlegvis måtte me koke opp noko stort og slik vart denne Imperial Coffee Stouten født, med smakar av sjokolade, kaffe og nøtter.

    Sjokoladekake og andre kraftige desserter
    %10
  • Gymre Julebrygg

    Brygget har raust maltpreg, god søtleik og milde, runde tonar av torvrøykt byggmalt – godt eigna til å framheve smaksrikdomen i mørt pinnekjøt eller saftig ribbe.

    Ein opplagt kavaler for klassisk, norsk julekost som ribbe og pinnekjøt.
    %4,7
  • Habañero Helles Chili Lager

    Vår lyse og elegante Münchener Helles lagerøl har fått seg eit realt kick! Me har tilsatt vår heimelaga ekstrakt fra Habanero chilipepparar som gjer ein pikant aroma og smak som likevel er akkurat passe sterk.

    Perfekt til grillmat og taco, eller til rømmedippen som du likar best.
    %4,7
  • Happy Gluten Free Belgian Blonde

    Ein munter melodi av eit øl der byggmalt, friskt flåmsvatn og ei spesiell belgisk gjærstamme speler opp med fine og fruktige tonar.

    Smaksrikt selskap for salatar, ostar, skaldyr og fisk.
    %4,7
  • Heidrun Vikingmjød

    Heidrun Vikingmjød er laga av 100 prosent norsk lynghonning, vatn og gjær.

    Ost og dessert, åleine som aperitif eller ein digestiv etter maten
    %13,2
  • Heimdall Gin

    Frisk, ren og smaksrik med einebær, koriander og pomeransskall og et lett sitruspreg i avslutning

    Aperitiff/avec/cocktail
    %46
  • Hoppy Sanchez Mexican Lager

    Meksikansk lagerøl? Kvifor ikkje! Vår versjon er ein liten hybrid, tørrhumla for gje ølet friske og sitrusaktige toner.

    Går hand i hand med fredagstacoen og anna meksikansk mat.
    %4,7
  • Humleslang III Tangerine

    Dette er den tredje utgåva i serien vår Humleslang: ein serie smakfulle, humleprega brygg som skiftar etter årstidene. Denne gongen har me lagd ein pale ale med smak av sitrusfrukten Tangerin.

    Passar godt saman med grillmat og godt krydra matrettar.
    %4,7
  • Humleslang IV Pacific Pale Ale

    Dette er den fjerde utgåva i serien vår Humleslang: ein serie smakfulle, humleprega brygg som skiftar etter årstidene. Denne versjonen er ein pale ale med fokus på humlesorter frå New Zealand som gjer brygget eit fruktig og tropisk preg.

    Passar godt saman med grillmat og godt krydra matrettar.
    %4,7
  • Jotunblod Red IPA

    Me likar musikk, øl og norrøn mytologi. Med det til felles har me laga eit brygg i samarbeid med metalbandet Enslaved. Resultatet er ein fruktig og leskande raud IPA.

    Passar perfekt til grillmat, ost og høg musikk.
    %6,0
  • Kveite Witbier

    Eit lyst og leskande øl med klassiske witbierkrydder som appelsinskal og koriander. Innslag av umalta kveite og fine tonar av sitrus og nyspirt korn.

    Passer utmerket til ceviché og sjømat, eller åleine som aperitif og tørstslukker
    %5,5
  • Lime Pale Ale

    Den gjenkjennelege aromaen og smaken av lime peikar seg ut i denne lyse pale alen, og gjev ein frisk og tørsteslukkande øl med tørr avslutning.

    Passar til skalldyr og lettare rettar.
    %4,7
  • Lindisfarne Scotch Ale

    Særprega variant av Scotch Ale med mektige smakar, rikt maltpreg og og eit hint av torvrøykt byggmalt.

    Kraftige kjøtrettar, vilt, smakfulle ostar og ikkje minst grillmat.
    %7,0
  • Lynchburg Natt

    Dette ølet er vår Imperial Porter som er fatlagra i Amerikansk Bourbon Whiskeyfat. Eit øl med preg av eik og amerikansk whiskey i smakfullt samspel med tonar av kaffi, vanilje og lakris.

    Sjokoladedesserter eller Créme Brûlée
    %10,0
  • Lyst Lager

    Elegant maltkarakter, avdempa søtleik og delikate tonar av ferskt brød. Lyst Lager er ein frisk og leskande variant av den bayerske ølsorten Münchener Helles.

    Passar til fint vêr og stunder med sol i sinnet – og til grillmat og fiskerettar.
    %4,7
  • Lærdøl Sour Cherry Rye

    Dette er eit rugøl tilsett juice frå Lærdals søte moreller, berre for å gjere ølet surt likevel! Frisk og tørr syrlegheit og lang, pikant ettersmak.

    Aperitiff, til kraftig ost eller som avrunding på eit betre måltid
    %5,5
  • Minus Alkoholfritt Pale Ale

    Minus er eit brygg der alt går i pluss. Eit lettdrikkeleg og leskande øl med mjukt, fint kornpreg og herleg humlesus.

    Fint festfølgje og godt selskap for pizza, salatar og lette rettar av lyst kjøt eller sjømat.
    %0,5
  • Natt Imperial Porter

    Vår litt utypiske sterke Porter er beksvart, fyldig og rik med smak som minner om sjokolade, og med eit overraskande preg av humle.

    Dette ølet høver alltid til kalde og mørke kveldar, gjerne med mørk sjokolade, eller til din favoritt dessert
    %10,0
  • Nordic Vibe Barrel-Aged Wheat Wine

    Me møtte Monyo Brewing på ei av våre reiser og fann fort ut me har mykje til felles når det kjem til idéar om øl. Prosjektet var å lage eit sterkt og unikt brygg der me nyttar nordiske ingrediensar.

    Passar godt saman med ulike ostar og dessertar.
    %12
  • Pils

    Eit forfriskande, smaksrikt og lett pilsnerøl i ekte tsjekkisk stil!

    Eit lettdrikkeleg val å nåtye for seg sjølv, eller saman men lettare matrettar.
    %4,7
  • Ragnarok

    Ragnarok er vår versjon av belgisk kvadruppel. Ølet er brygga med appelsinskal og eksotiske sukkerartar og har eldfulle ekko av eik, eple og tørka frukt.

    Smakfullt selskap for smakfulle kjøtrettar og skarpe ostar.
    %15
  • Rallar Amber Ale

    Eit øl med seks ulike malttypar som byr opp smakslaukane til dans med tonar av nøtter, karamell og toffee.

    Fint følge til grillmat, spekemat og ost
    %4,7
  • Raspberry Pale Ale

    Å lage ein deilig Pale Ale er berre blåbær når ein kan bruke bringebær frå Lærdal. Forførande friskt, lett syrleg og særs leskande.

    Aperitiff, ypperleg sumarøl, passar og til sjømat og ost
    %5,5
  • Ratatosk Double IPA

    Ein frekkas av eit øl med dobbel dose humle, rikt maltpreg, leskande bitterheit og fruktige smakstonar.

    IPA går godt med litt robust mat, men kan og nytast åleine.
    %9,0
  • Sorachi Saison

    Sorachi Saison er eit aromatisk og særprega brygg inspirert av belgisk gardsøl. Det er tørrhumla med Sorachi Ace og har rike tonar som minner om eik, sitrus og urter.

    Passar utmerka til sjømat, t.d. ceviché, og er smaksrik nok å takle dei fleste rettar.
    %4,7
  • Tors Hammar Barleywine

    Vår kraftige versjon av Amerikansk Barleywine. Eit brygg med djupraud farge, markant humlepreg og rike tonar av eple og tørka frukt.

    Dessert, kraftige ostar, spesielt blåmuggost med litt honning
    %13,2
  • Upstate IPA

    Dette er vår eigen versjon av New England IPA. Brygget er gyllent og tåkete, og byr på store fruktige smakar frå amerikanske humlesorter.

    Passar godt til ceviché, skarpe ostar og godt krydra mat.
    %4,7
  • Vetlebror Session IPA

    Ein India Pale Ale-variant som er lystig og lett på foten. Her er både markant humlearoma, fruktig smaksrikdom og forfriskande tørr avrunding.

    Trivs best med grilla kjøt eller asiatisk mat med litt krut i.
    %4,7
  • Witbier Belgian White Beer

    Ekte «kvitøl» i beste belgiske tradisjon med innslag av kveitemalt, korianderfrø og appelsinskal. Eit smaksrikt og fruktig brygg med karakteristisk, uklårt preg.

    Ein perfekt partnar for salatar, blåskjel, lyst kjøt og fisk
    %4,7
  • Yggdrasil Akevitt

    Ægir Yggdrasil Akevitt er fruktig og krydderprega med karve, eik, anis og sitrus i duftbilete med god fylde i smaken basert på eik og karve.

    Lam og sau, Aperitiff/avec, Svinekjøtt
    %40
  • Ægir India Pale Ale

    India Pale Ale i klassisk California-stil. Koparraud farge, balansert bitterheit og rike humletonar av furunål og sitrus.

    Står godt på eigne bein, men passar også perfekt til lam, okse, feit fisk, moden ost og godt krydra mat
    %6,5
  • Ægirs Jul

    Eit øl med god maltsøtleik og ein kompleks smaksrikdom med tonar av karamell og kveitebakst.

    Passar som aperitiff, julekveldskos og kavaler for klassisk, norsk julemat.
    %4,7