Ægir har som målsetting at det skal finnast godt øl til alle typar mat og tilbyr i dag over 40 ulike sortar i sortimentet. Det har vore tanken og fokuset sidan oppstarten og det gledar oss å sjå at fleire og fleire veljer øl til maten. Restaurantar satsar på ølpakke til rettane og arrangerar ølmiddagar og uttrykket «øl er den nye vinen» har dukka opp.

 Å kombinere øl og mat handlar om å tørre og prøve, men det fins sjølvsagt nokre gode køyrereglar. Ein kan gjerne byrje med å analysere maten, om det er lett eller tungt og innslag av feitt og krydder, salt, syre og sødme. Ein kan ta utgangspunkt i lett øl til lett mat og fyldig og kraftigare øl til tyngre matrettar. Ølets kropp kan ein dømma etter fylde, sødme og syre samt innslag av krydder. Veldig sterk mat bør ikkje parast med sterk alkohol da dei gjerne forsterkar kvarandre.

Om du skal ha salt eller søt mat, sjømat eller spekemat, grillmat eller gåselever, kake eller knekk – i utvalet vårt finn du alltid eit høveleg følgje. Du vil finne beskrivelse av kva alle produkta våre passar til, så her er det berre å sei; Velbekomme!

Fleire tips om øl- og matkombinasjonar finner du på sida Øl og Mat.